Hardanger Bryggeri Heimhug

Heimhug

 

Hardanger Bryggeri in Øystese, Vestland, Norway 🇳🇴

Score
5.81
ABV: 4.7% IBU: - Ticks: 10
Horðar, av «Haruðóz» som tyder krigar, var ei germansk stamme som slo seg ned i Hardanger kring år 500 og grunnla Horðaland. Saman med våre gode vikingvener i Enslaved har me bryggja eit mørkt, lettdrikkeleg øl inspirert av Harudane og vestnorsk progressiv metal.

Vårt øl skal kunna nytast i dei fleste høve, med måte. Ikkje noko jåleøl, berre god smak som speglar den friske og reine naturen i Hardanger. Eit øl skapt av eldsjeler med lidenskap, heilt utan usmak.

Det luktar av kråom
Det smakar av krokom
Lat att augo og kjenn stormen ri!

Når sinnet vert kalka
Blir sjela di fri
Lat minna leia deg ut i natta!

Over stokk og gjennom stein
Elva finn alltid sitt leie
Ein nektar frå Harudanes land!
 

Sign up to add a tick or review

Join Us

Show