Fuglestein Fruktgard ligg lunt og sørvendt 70m over havet. Frå sjøen og opp til garden er bergarten granitt, og frå garden og opp til ca 150m ligg kanten av eit fyllittbelte. Fyllitten er ikkje ein sur bergart og inneheld næringstoff som bidreg til frodig vokster på staden. Det er ein av grunnane for at garden eignar seg for fruktdyrking. Tidlegaste kjende og omtala eplehage er frå 1838. Nå er garden tilplanta med 17000 nye frukttre over 53 dekar og dannar grunnlaget for inntekta vår. Sidermaker: Jon-Anders Fuglestein