Epli Sideri
Cidery
in
Hovland,
Vestland,
Norway 🇳🇴
Associated with 2 Venues
Established in 2015
Formerly/Alternatively known as Hardangergutane
Contact
Description
Epli Sideri si historie starta tilbake i 2015 då dei to brødrene Kristian og Karl Magnus starta å lage eplemost og sider på familiegarden på Sekse i Hardanger. Dei to brødrene danna då selskapet Hardangergutane. Kort tid etter oppstart kom kona til Kristian, Inger, inn i selskapet. Det heile starta på låven i den gamle driftsbygningen på familiegarden på Sekse kor brødrene begge er vokst opp. Etter nokre år vaks Hardangergutane ut av driftsbygningen, og flytta inn i eit større lokale i eit gammalt fruktlager på Børve. (Ullensvangvegen 1525) Inger og Kristian kjøpte i 2021 ein ny og større gard på Sekse kor dei på kort tid har gjort eit omfattande arbeid med å plante opp nye frukthager, samt at dei også etter kort tid starta å planlegge bygging av nytt produksjonslokale.
I 2023 valgte Karl Magnus å gå ut av selskapet og Inger og Kristian tok over drifta. Sommaren 2024 går Hardangergutane inn i ein ny og spennende epoke kor produksjonen blir flytta tilbake på Sekse i nye og meir tilpassa lokale. Summen av desse endringane gjorde at vi hadde ønske om å skapa ein tydeligere identitet, og navnet Epli Sideri såg dagens lys.